Log in
Frontpage

Stories of the Land

Nyttårsfyrverkeri i biodiversitetens tjeneste

ALDRI SÅ GALE: –Brenning har vore med og gjort lyngheiene til ein karakteristisk del av kysten vår
ALDRI SÅ GALE: –Brenning har vore med og gjort lyngheiene til ein karakteristisk del av kysten vår

ALDRI SÅ GALE: – Brenning har vore med og gjort lyngheiene til ein karakteristisk del av kysten vår. Bildet er frå Spannatoppen nyttårsnatt . Arkivfoto: Alfred Aase

Nyttårsbrannane kunne ha enda i tragediar, med skade på liv og eigedom. Heldigvis gjekk det i likaste laget. Men for mange landskaper er brannar svært bra sier Henrik Møgster Espedal, haugesundar med lyngheiar som tema for hovudfagsoppgåva si ved Biologisk institutt ved Universitetet i Bergen.

– Særleg for lyngheiar er det ein fordel med ein brann innimellom. Brenning er nødvendig for å lyngen å klara seg, og brannen gjødslar jorda, seier Espedal.
Bonde Kjell Netland på Visnes på Karmøy er samd med Espedal. Han driv i eit kystheilandskap, med mellom anna villsau i buskapen.

– Eg har høyrt av nokre skottar, som er blant dei fremste i verda på skjøtsel av denne typen heiar, at brenning kvart tolvte år er ideelt.

I praksis greier han ikkje å brenna kvart tolvte år. Men han svir av ulike delar av utmarka med ujamne mellomrom.

– Det kjem an på så mange ting. Det skal vera vått eller frose i jorda, så ikkje røtene blir øydelagde eller jordbotnen brenn. Sist vinter var problemet helst at det var altfor vått støtt, så det ikkje var råd å få det til å brenna, seier Netland.

Henrik Møgster Espedal