Log in
Frontpage

Jostedalsrypa

[Olav Sande: Segner fraa Sogn II, Bergen 1892, s. 102-104, her etter Norske segner, Oslo 1981, s. 183-184]

Mange av del rikaste og gjævaste ættene i Sogn drog opp i Jostedalen og ville på den måten sleppa Svartedauden. Der busette dei seg, bygde hus og rudde gardar. Men dei hadde gjort den avtalen med folk nede ved fjordane, at dei ikkje måtte lydast fram til dei på nokon måte, før farangen var over. Ville nokon skriva til dei, måtte dei leggje breva sine under ein viss stein. Den steinen har dei sidan kalla Brevsteinen. Under han kunne dei også henta brev, dei som levde att nede ved sjøen. Han ligg tett attmed vegen frå Jostedalen til Luster, på eige­domen til garden Ormbergstølen, ei stund før ein kjem opp på ridet når ein vil fara til Luster om Vigdalen. Det er i grunnen to steinar, som kvelver saman og gjer ein heller som ein kan smetta igjennom. Men dei ser mest ut som ein. Dei kallast også Styrksteinen, og det kjem seg av det, at del som fer der, kviler, et og styrkjer seg der. Kor omtenkte og vare dei enn var, kom Svartedauden til Jostedalen også, og der skura han så på, at alle rauk til så nær som ei lita jente. Dei fortel så ymist: somme seier, at det til grannesokna i Gudbrandsdalen kom sjølvstelles sju bølingar med sine bjøllekyr. Ingen kom og leita etter dei, men der var somme som trudde at dei laut høyra til i Josteda­len. Gjorde dei det, laut det visst stå gale til. Fór så nokre hit over fjellet og ville røyna korleis tilstandet var. Andre seier at det vart sendt folk fram frå grannebygdene i Sogn og skulle sjå etter korleis alt stod til, då det ikkje vart lagt fleire brev under steinen.

Husa stod tome, og mange av dei avlidne var ikkje gravlag­de. Dette var vel om hausten. Dei fór gjennom heile dalen, men dei såg ikkje røyk frå ei einaste stove og fann ikkje eit einaste liv. Då dei kom fram i Mjelves-dalen, såg dei i nysnøen far etter eit menneske. Dei følgde det, og på garden Bjørkahaug såg dei ei lita jente. Med det same ho vart var dei, la ho til sprangs, inn i bjørkeskogen. Men dei var god til å taka henne. Dei spurde henne om ymist, men ikkje skjøna ho dei og ikkje dei henne, så nær som nokre ord: «Mor – vetle rjupa.» Dei fortel at då mora hennar døydde, sette ho mat att på bordet, smette vesle jenta inn i ei fjørseng og stakk mat nedi der, så ho i alle fall ikkje skulle svelte i hel. Då dei fann henne, var det vakse fast fjør på henne. Mennene tok jenta med seg heim, og ho vart ei skikke­leg og bra jente. Somme fortel at ho sidan vart gift og budde på Bjørkahaug, der ho sidan vart verande til sin døyande dag. Men fleire seier at ho busette seg på Runnøy i enden av Gaupnefjorden, der jostedølane køyrer til sjøs. Dei kalla henne Jostedalsrypa etter det mora hennar hadde sagt, då ho stakk henne ned i fjørsenga. Og slekta hennar, som vart gjæv og mektig, kalla del rypeslekta. Den slekta skulle ha det til merke framfor andre, at ho hadde «fuglahold», det vil seia store, opne sveittehol i holdet og huda etter den duna som var byrja veksa på henne.

Somme har fortalt at ho vart gift med ein storkar frå Dan­mark, og at ho flytta derned med han.

Se og:

Jostedalsrypa, etter Jonas Ramus (1715)

Jostedalsrypa, etter Matthias Foss (1750)
Jostedalsrypa, etter Andreas Faye (1844) (PDF)

Jostedalsrypa blir funnet
Jostedalsrypa blir funnet
Frċ Trollysn - filmen om Jostedalsrypa
Frċ Trollysn - filmen om Jostedalsrypa